Nokon har følgd etter dyra før
rissa spisesetlar inn i fjellveggen
Fisk. Vilt. Fugl.
Menyar i ferd med å smuldre opp under mosen
Arkeologen gnir med karbonpapir:
Ein båt stig fram frå berget
til årerytmen frå tolv mann
nummer tretten svever over båtstripa
Eit gudeoffer?
Ein galgelaus hangman?
For kvar gjetting veks ein ny kroppsdel ut
Diktet er hentet fra diktsamlinga Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten (Aschehoug, 2008) og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren.
Irene Larsen (1964) er en sjøsamisk forfatter. Oppvokst på Arnøya i Nord-Troms, bosatt i Tromsø. Har gitt ut tre diktsamlinger, en roman og en barnebok. Fikk Blixprisen for diktsamlinga Anemonepust i 2006 og Havmannprisen for romanen Der det gror skierri i 2022. Har vært leder for Mun dajan - Foreninga samiske forfattere siden 2020.