Gå til innhold

Ordkalotten og «Folk som sår i snö» av Tina Harnesk

At det hemmelege er ein nøkkel, at ikkje alt kan eller skal seiast, eller er sagt, er tydeleg og er ein drivar i romanen. Etter kvart veks samanhengane fram, samstundes som forteljinga veks.

Tina Harnesk. Foto: Sandra Hallnor

Anbefalt av Vigdis A. Nilsen, hobbyskribent som i hovedsak skriver dikt og kortprosa. Glad i litteratur og entusiastisk medlem både i lese- og skrivegruppe.

Under Ordkalotten 2023 satt eg ytst på stolen og lytta intenst. Temaet var arv i ulike diktstykke. Etterpå undra eg på kva som hadde laga ei så fengslande stemning. Det eg kom fram til var at det handla om nøye samansett program, variasjon og godt samspel mellom samtalepartnarar. Ordkalotten i Tromsø er ein solid litteraturfestival.

Samstundes handla det om interesse, tid til fordjuping og sjølvsagt om dei einskilde diktarane som har noko å fortelje og som er gode til akkurat det. Ei av dei som greip meg denne ettermiddagen i november, var Tina Harnesk og boka «Folk som sår i snø». Ein nydeleg tittel synest eg.

Harnesk snakka og las på svensk med mykje humor. Rørt vart eg og då ho fortalde om den sterke opplevinga si tidlegare same dag. For første gong hadde ho vitja Kvaløya ho hadde høyrt forteljingar frå, der forfedrane hadde sommarbustad før reindriftsfamiliar frå Karesuandoområdet måtte flytte sørover i Sverige (jf. Elin Anna labba «Herrene sendte oss hit»).

Etterpå sto eg i kø for å kjøpe boka og få dedikasjon frå den unge forfattaren. «Varm helsing frå Tina» står det. 

Å lese svensk skulle gå fint, men eg strevde litt med å komme inn i språket og fekk nokre muntre augneblink. Til dømes leste eg ordet «mungiporna» med trykket på `po, og lurte på kva slag porer det var snakk om. Med svensk tonefall og trykket på `mun og `gi opna meininga seg; `mun`giporna. Eg tok tida til hjelp, ga språket og historia den plassen dei kravde, og det blei ei særs positiv leseoppleving. 

Den gamle viljesterke Mariddja er ein fargerik hovudperson som raskt festar grepet i lesaren. Eg var spent på samanhengen mellom Mariddja, Biera, Kay og Mimmi. At det hemmelege er ein nøkkel, at ikkje alt kan eller skal seiast, eller er sagt, er tydeleg og er ein drivar i romanen. Etter kvart veks samanhengane fram, samstundes som forteljinga veks.

Språket er underfundig, fortetta, og med sterke skildringar, og det er gjort med varme og kjærleik til stoffet og menneska. Över den lille sjön hadde speda rop hörts- varvat med kraftfulla svordomar i bas og han hadde til sin förvåning sett grandtanten uppflugen i et träd. Setninga kan stå som eit døme på stilen og måten å fortelje på.

Boka er full av humor. Ho har og eit stort alvor som kryp på etterkvart. Til dømes handlar det om å verte gamal, om einsemd og om å finne nokon å snakke med der ein ikkje hadde venta det. Det handlar om lengt og sorg, om kultur, om sjølvstende og om desperasjon. 

Det er ei sterk historie der menneska og skjebnar er det som står att.

Harnesk har det samiske varleg og tydeleg med seg heile vegen, og ho skriv og fram nokre nydeleg skildra naturopplevingar. «Folk som sår i snö» er ein solid debutroman. Ho er ei av dei eg kjem til å lese om att, no når eg er blitt så god på svensk. Samstundes vonar eg boka kjem i norsk omsetting, og eg trur nynorsk ville kle ho.

 

Tina Harnesk (f.1984) er en samisk forfatter fra Johkamohkki/Jokkmokk i Sverige. Hun debuterte med romanen Folk som sår i snö i 2022.

Kommentarer

Siste

Stipender til kunstnere i nord

Stipender til kunstnere i nord

Er du kunstner og bor du i Nord-Norge? Da kan du kvesse penna og spisse argumentasjonen for akkurat ditt prosjekt. 16.november er det frist for å søke på Samfunnsløftets kunstnerstipend.